Tsjoli (hindi चोली, engelskcholi) er ein kort bluse med opphav i Sør-Asia. Plagget kan ha mange ulike utformingar, men rekk gjerne ned til under brystet, har korte erme og blir festa framme. Han er særleg brukt under sari og saman med eit sidt skjørt og sjal i drakta læhnga tsjoli.
Kvinne i sari med grøn tsjoli under.
Ung kvinne i Sør-India med sari og tsjoli i same stoff.
Eldre kvinne frå Sri Lanka med tsjoli i anna stoff enn sarien.