Ugarit | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Ugarit 35°36′07″N 35°47′08″E / 35.601944°N 35.785556°E | |||
Wikimedia Commons: Ugarit | |||
Ugarit var ein hamneby i oldtida som låg nordvest i det noverande Syria. Han blei øydelagd på 1200-talet f.Kr. av ukjende fiendar, truleg dei mystiske «havfolka». Ruinane av Ugarit ligg på ein stad som i dag blir kalla Ras Shamra. Dei blei oppdaga i 1928 av Claude Schaeffer.
Ugarit var ein handelsby og senter for eit ugarittisk rike som hovudsakleg var sjølvstendig, men som til tider var under påverknad frå Egypt og hettittane.