United States Antarctic Service Expedition (1939–1941), ofte omtalt som Den tredje Byrd-ekspedisjonen, var ein ekspedisjon finansiert av United States Navy, Utanriksdepartementet, Innanriksdepartmentet og Finansdepartementet i USA. Sjølv om staten finansierte ekspedisjonen, fekk han i tillegg støtte i form av donasjonar og gåver frå privatpersonar, selskap og institusjonar.

Kontreadmiral Richard Evelyn Byrd leia ekspedisjonen som hadde med i alt 125 mann frå USA fordelt på to skip. Dei fleste var militære, frå dei statlege byråa eller frå forskingsinstitusjonar. Totalt 59 mann overvintra i Antarktis.

Målet med ekspedisjonen var å opprette to basar: East Base i nærleiken av Charcot Island eller Alexander I Land, eller ved Marguerite Bay om ein ikkje fann noko eigna stad på øya, og West Base i nærleiken av King Edward VII Land, men om dette viste seg å verte umogeleg, ved Hvalbukta eller nær Little America. Ekspedisjonen klarte begge måla sine.

I tillegg vart det utført vitskaplege observasjonar av mange slag. Alt i alt var ekspedisjonen særs vellukka.

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]