Variable lymfocyttreseptorar (VLR) er membranbundne protein og ein del av det adaptive immunforsvaret hjå kjevelause fiskar. Kjevelause fiskar har ikkje immunoglobulin, som ryggradsdyr med kjevar, og nyttar variable lymfocyttreseptorar i staden. Variable lymfocyttreseptorar er dei eldste kjende reseptorane frå eit adaptivt immunsforsvar og dei einaste kjende antigenreseptorane som ikkje baserer seg på immunoglobulin.[1][2]

Variable lymfocyttreseptorar har modular av leusin-rike repetisjonar. Dei vert koda for av gena VLRA og VLRB (kjende både frå niaugo og slimålar) og VLRC (kjent frå niaugo).[1][2]

Til liks med immunoglobulin vert variable lymfocyttreseptorar sette saman gjennom rekombinasjon, og mengda mogelege reseptorar er stor.[1]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 1,2 Mariuzza, Roy A; Velikovsky, C. Alejandro; Deng, Lu; Xu, Gang; Pancer, Zeev (2010). «Structural insights into the evolution of the adaptive immune system: The variable lymphocyte receptors of jawless vertebrates». Biological Chemistry 391 (7). doi:10.1515/bc.2010.091. 
  2. 2,0 2,1 Boehm, Thomas; McCurley, Nathanael; Sutoh, Yoichi; Schorpp, Michael; Kasahara, Masanori; Cooper, Max D (2012). «VLR-Based Adaptive Immunity». Annual Review of Immunology 30: 203–20. PMC 3526378. PMID 22224775. doi:10.1146/annurev-immunol-020711-075038. Arkivert frå originalen 11. januar 2020. Henta 21. juni 2018. 
Spire Denne biokjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.