The 13th Floor Elevators

OpphavAustin i Texas
Aktiv1965–1969, 1978, 1984
SjangerPsykedelisk rock, garagerock
Tilknytte artistarRoky Erickson, The Spades, The Lingsmen
PlateselskapInternational Artists, Radar, Charly
Tidlegare medlemmerRoky Erickson
Tommy Hall
Benny Thurman
John Ike Waltn
Stacy Sutherland
Ronnie Leatherman
Danny Thomas
Danny Galindo
Duke Davis

The 13th Floor Elevators var ei psykedelisk rockegruppe frå Austin i Texas, starta seint i 1965.

Bandet hadde berre avgrensa kommersiell suksess før dei vart oppløyst grunna dopmisbruk. Uansett vart dei, som eit av dei første banda innan sjangeren psykedelisk rock, sett på som ei viktig protopunkgruppe. Den største hitten deira, «You're Gonna Miss Me», som nådde 55. plass på Billboardlista i 1966, finst på Nuggets: Original Artyfacts from the First Psychedelic Era, 1965-1968, som seinare er vorte vurdert som ein milestein i garagerocken si historie og i utviklinga av punkrock.

Den klassiske besetninga til bandet var vokalist/gitarist Roky Erickson, Tommy Hall på elektrisk jug, gitarist Stacy Sutherland, trommeslagar John Ike Walton og bassist Ronnie Leatherman, og dessutan fleire andre vekslande bidragsytarar og studiomusikarar. Erickson og Hall var låtskrivarane i bandet, men mesteparten av bandet bidrog med songar i ny og ned. «Elektrisk jug»-sound skulle bli kjenneteiknet til bandet og eit varemerke. I juli 1967 forlét Walton og Leatherman banda og vart erstatta av Danny Thomas (trommer) og Dan Galindo (bassgitar). Med denne nye besetninga spelte Elevators inn Easter Everywhere (omfram She Livast og Levitation), som blir rekna som det beste albumet til bandet av dei fleste kritikarane. Ronnie Leatherman kom seinare tilbake på deira fjerde og siste album, Bull of the Woods.

Medlemmar

Namn

Namnet til bandet spelar på overtrua som har ført til at mange høge bygningar ikkje har ein 13. etasje, og det faktumet at bokstaven «M» (står for marijuana) er den 13. bokstaven i alfabetet. I følgje Walton, foreslo han namnet Elevators og Clementine Hall kom på det fulle namnet til bandet morgonen etter.[1]

Historie

Bandet var eit resultat av det aktive psykedelia-miljøet i Austin i 1965, der det samstundes kom til band som Shiva's Headband og The Conqueroo. Medlemmane til bandet hadde tidlegare vore med i band som The Spades og The Lingsmen.

Våren 1966 hadde gruppa ein stor turne i Texas. Dei spelte både på klubbar i Austin, Dallas, og Houston. Dei spelte òg på TV-show som Sumpin Else i Dallas, og The Larry Kane Show i Houston. Seinsommaren 1966 turnerte Elevators på vestkysten, og gjorde to nasjonalt sende TV-framferder, og spelte fleire konsertar i San Francisco.

Plateselskapet International Artists i Houston, som òg var heimen til samtidige artistar som Red Krayola og Bubble Puppy, signerte med Elevators og slapp albumet The Psychedelic Sounds of the 13th Floor Elevators på slutten av 1966, og han vart ein umiddelbar suksess. Teksten på plateomslaget, som glorifiserte bruk av LSD, skapte ein del kontrovers.

I løpet av dei neste månadene spelte bandet saman med Quicksilver Messenger Service, The Great Society, og The Byrds i San Francisco og i 1967 slapp dei konseptalbumet Easter Everywhere, òg dette på International Artists. Leatherman og Walton slutta i bandet like før utgjevinga av Easter Everywhere, både på grunn av usemje med plateselskapet, og på grunn av uteblivende honorar.[1] Som eit resultat av dette, vart ikkje Walton kreditert på plateomslaget til Easter Everywhere, trass i at han deltok både på «Levitation» og «She Lives».

Songaren Janis Joplin var tett knytt til bandet. Ho song med bandet på fleire konsertar, og vurderte å bli med i bandet i Austin,[2] før ho drog til San Fransisco for å bli med i Big Brother and the Holding Company.

Problem med lova og med narkotika skapte splitting i bandet. I 1969 fekk Erickson ein marijuanatiltale mot seg, og det at han valde å sone på eit psykiatrisk sjukehus, heller enn eit vanleg fengsel, signaliserte slutten for bandet.

Diskografi

Album

Samleboksar

Samleplater

Singlar

Kjelder

  1. 1,0 1,1 Moser, Margaret (20. august 2004). «John Ike Walton». The Austin Chronicle. Henta 10. februar 2011. 
  2. Vorda, Allen (1994). Psychedelic Psounds: Interviews from A to Z with 60s Psychedelic and Garage Bands. Borderline Productions. ISBN 0-9512875-9-1.