- Dette er ein artikkel om året 251. Sjå òg artikkelen om talet 251.
251 (romartal CCLI) var eit normalår som byrja på ein onsdag i den julianske kalenderen. I Romarriket var det kjent som året då Traianus og Etruscus var konsular (eller sjeldnare som år 1004 ab urbe condita).
Døde
- 1. juli:
- Decius, romersk keisar sidan 249 (drepen etter slaget ved Abrittus)
- Herennius Etruscus, romersk medkeisar sidan byrjinga av dette året (døydde i slaget ved Abrittus)
- 15. juni: Wang Ling, kinesisk general og politikar
- Hausten: Hostilianus, romersk keisar sidan juli (død i pesten)
- 22. august: Zhen, kinesisk keisarinne i Cao Wei-staten, gift med Cao Fang
- 7. september: Sima Yi, strateg i det kinesiske kongeriket Wei og rival av Zhuge Liang
- Heilage Agata, kristen martyr og helgen frå Sicilia (omtrentleg dato)