90125 Studioalbum av Yes | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 7. november 1983 | |
Innspelt | November 1982 til juli 1983 | |
Studio | SARM og AIR Studios (London i England) | |
Sjanger | ||
Lengd | 44:49 | |
Selskap | Atco | |
Produsent |
| |
Yes-kronologi | ||
---|---|---|
Classic Yes (1981) |
90125 | 9012Live: The Solos (1985)
|
Singlar frå 90125 | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Pitchfork | (7.8/10)[5] |
Rolling Stone | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
90125 er det ellevte studioalbumet fra det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i november 1983. Dette er det første albumet frå bandet sidan oppløysinga i 1980, og det første der multi-instrumentalisten Trevor Rabin medverkar. Jon Anderson er tilbake, og Tony Kaye er òg tilbake for første gongen sidan albumet The Yes Album i 1971.
Albumet kom på femteplass på Billboard 200 i USA, 16. plass på UK Albums Chart i Storbritannia[7] og på 8. plass på VG-lista topp 40 i Noreg.[8]
Albumet representerer eit markant brot med den tidlegare progressive musikken, og består hovudsakleg av rock og pop-basert musikk. Tittelen 90125 viser til katalognummeret på albumet hos plateselskapet.
Tidleg i 1983 heitte bandet ikkje Yes, men Cinema, og bestod av Trevor Rabin, Chris Squire og Alan White. Først seinare i prosessen fekk ein med seg dei tidlegare bandmedlemmane Jon Anderson og Tony Kaye, og då dei var på plass skifta bandet namn frå Cinema til Yes. Bandnamnet som måtte vike «minnest» på instrumentalen «Cinema», som òg vann ein Grammy i 1983 i klassa Årets Rock Instrumental.
Tidlegare vokalist i Yes, Trevor Horn, vart opphavleg spurt om han ynskte å fortsetje som vokalisten til bandet men takka nei. Han takka derimot ja til å produsere albumet, som inneheld den største kommersielle hitten til bandet, «Owner of a Lonely Heart».
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Owner of a Lonely Heart» | Anderson/Horn/Rabin/Squire | 4:29 |
2. | «Hold On» | Anderson/Rabin/Squire | 5:16 |
3. | «It Can Happen» | Anderson/Rabin/Squire | 5:29 |
4. | «Changes» | Anderson/Rabin/White | 6:20 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
5. | «Cinema» | Kaye/Rabin/Squire/White | 2:08 |
6. | «Leave It» | Horn/Rabin/Squire | 4:14 |
7. | «Our Song» | Anderson/Rabin/Squire/White | 4:18 |
8. | «City of Love» | Anderson/Rabin | 4:51 |
9. | «Hearts» | Anderson/Kaye/Rabin/Squire/White | 7:39 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Merknader | Lengd |
---|---|---|---|---|
10. | «Leave It» (Singel Remix) | Horn/Rabin/Squire | Same som "Leave It (Remix)" på Twelve inches on tape | 3:56 |
11. | «Make It Easy» | Rabin | Først gjeven ut på Yesyears | 6:12 |
12. | «It Can Happen» (Cinema Version) | Anderson/Rabin/Squire | Først gjeven ut på Yesyears | 6:05 |
13. | «It's Over» (Tidlegare ikkje gjeven ut) | Rabin | 5:41 | |
14. | «Owner of a Lonely Heart» (Extended Remix; tidlegare ikkje gjeven ut) | Anderson/Horn/Rabin/Squire | Liknar på "Owner of a Lonely Heart (Red and Blue Mix)" på Twelve inches on tape. | 7:05 |
15. | «Leave It» (A Capella Version) | Horn/Rabin/Squire | 3:18 |
Liste (1983) | Plassering |
---|---|
Australske album (ARIA)[9] | 27 |
Austerrikske album (Ö3 Austria)[10] | 9 |
Tyske album (Media Control)[11] | 2 |
Canada Top Albums/CDs (RPM)[13] | 3 |
Nederlandske album (MegaCharts)[14] | 4 |
Norske album (VG-lista)[15] | 8 |
Svenske album (Sverigetopplistan)[16] | 7 |
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[17] | 3 |
Britiske album (OCC)[18] | 16 |
US Billboard 200[19] | 5 |
Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Argentina (CAPIF)[20] | Gull | 30 000x |
Canada (Music Canada)[21] | 2× Platina | 200 000^ |
Tyskland (BVMI)[22] | Platina | 500 000^ |
Nederland (NVPI)[23] | Gull | 50 000^ |
Storbritannia (BPI)[24] | Gull | 100 000^ |
USA (RIAA)[25] | 3× Platina | 3 000 000^ |
^salstala er basert på sertifiseringa aleine |