Abakanfjella | |||
fjell | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Abakanfjella 53°48′00″N 89°16′00″E / 53.8°N 89.26666667°E | |||
Wikimedia Commons: Abakan Range |
Abakanfjella (russisk Абаканский хребет, Abakanskij khrebet) er ei fjellkjede av metamorfe bergartar sørvest i Sibir i Russland.[1] Ho er 300 km lang og opp til 1984 meter over havet på det høgaste. Fjella er stort sett dekte av taiga opp til 1500 meter over havet, og over dette fjelltundra.
Fjellkjeda er den sørlege grensa til Kuznetsksenkinga der Kuznetskbekkenet i Kemerovo oblast ligg.[treng kjelde] Fjellkjeda er del av vasskiljet mellom elvane Abakan, Tom og Lebed. Ho er ei sørleg forlenging av Altajfjella og Kuznetsk Alatau.