Abha | |||
أبها | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Asir | ||
Høgd | 2 400 moh. | ||
Koordinatar | 18°13′1″N 42°30′19″E / 18.21694°N 42.50528°E | ||
Folketal | 485 201 (2013)[1] | ||
Folketettleik | 485 201 / km² | ||
Prins | Faisal bin Khalid bin Abdul Aziz Al Saud | ||
Tidssone | EAT (UTC+3) | ||
- Sommartid | EAT (UTC+3) | ||
![]() Abha 18°13′00″N 42°30′00″E / 18.216666666667°N 42.5°E | |||
Wikimedia Commons: Abha | |||
Abha (arabisk أبها, Abhā) er hovudstaden i provinsen Asir i Saudi-Arabia. Han ligg 2 200 meter over havet i dei frodige fjella sørvest i Saudi-Arabia, nær Asir nasjonalpark. På grunn av det milde klimaet i Abha er staden eit populært turistmål for saudiarabarane.
Abha var hovudstaden for prinsen av Asir, Ibn Ayde, under Det osmanske riket fram til fyrste verdskrigen.[2] I 1918 kom prinsen av Asir, Yahya bin Hasun Al Ayde som var barnebarnet til Ibn Ayed, attende til familietrona som vart erobra i Abha med fullt sjølvstende. I 1920 slo Asir seg saman med Ibn Saud under samlinga av Saudi-Arabia.
Det finst fleire historiske stader i regionen, som fort og festningar. Festningar på toppen av åsar er eit kjenneteiknfor Abha.[2] Sjølve byen er delt inn i fire kvarter der det største inneheld ein festning. Shadda-slottet, som blei bygd i 1927, er no eit museum som huser lokalt handverk og bruksgjenstandar.[3] Andre større bygningar i Abha er den store moskeen i byen,[3] Al-Tahy-restauranten[4] og Abha Palace Hotel.[3]
Det går ein kystveg frå Jidda til Abha, som stod ferdig i i 1979.[2]
Abha regionale lufthamn (arabisk: مطار أبهـــا, IATA: AHB[3], ICAO: OEAB) er den største flyplassen ved Abha. Det går internasjonale ruter til Jemen (Sana'a), Egypt (Kairo), Doha (Qatar) og Emiratane (Dubai, Sharjah), i tillegg til andre stader i Saudi-Arabia.
Abha lufthamn vart teinkna av nederlendarar og bygginga byrja i 1975 og dei første flygingane byrja i 1977.
Abha ligg sør i regionen Asir i ei høgd på 2270 meter over havet. Abha ligg vest i Hijazfjella,[2] nær Jabal Sawda, som av somme vert hevda å vere det høgaste fjellet i Saudi-Arabia.
Klimaet i Abha er kjølig og halvtørt (Köppen: BSk)[5] og er påverka av høgda byen ligg i.[6] Veret i byen er generelt mildt året gjennom, men vert kjøligare om vinteren. Abha har sjeldan temperaturar over 35 °C. Byen får i snitt 278 mm nedbør i året, og det meste kjem mellom februar og april, med ei mindre regntid i juli og august.
Den høgaste temperaturen som er målt er 40 °C den 25. august 1983, medan den lågaste er -2 °C on 29. desember 1983.[7]
Vêrdata for Abha i Saudi-Arabia | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Høgast målte °C | 31 | 31 | 34 | 34 | 38 | 37 | 39 | 40 | 38 | 34 | 33 | 30 | 40 |
Gjennomsnittleg maks °C | 18,6 | 19,3 | 21,3 | 24,1 | 26,6 | 29,7 | 28,6 | 28,4 | 27,6 | 24,3 | 21,4 | 19,2 | 24,1 |
Døgnmiddeltemperatur °C | 12,7 | 13,4 | 15,5 | 17,5 | 19,8 | 22,4 | 22,1 | 22,2 | 20,2 | 17,1 | 14,4 | 12,5 | 17,5 |
Gjennomsnittleg min °C | 6,8 | 7,6 | 9,8 | 11 | 13 | 15,1 | 15,6 | 16 | 12,8 | 9,9 | 7,4 | 5,8 | 10,9 |
Lågast målte °C | 0 | −1 | −1 | 1 | 4 | 9 | 7 | 7 | 7 | 0 | 1 | −2 | −2 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 18 | 46 | 59 | 59 | 18 | 5 | 19 | 32 | 6 | 2 | 7 | 7 | 278 |
Gns. dagar med regn | 2 | 2 | 3 | 4 | 4 | 2 | 3 | 4 | 1 | 1 | 1 | 1 | 28 |
Kjelde: Climate-Data.org, høgd 2241m,[5] Weather2Travel for regndagar og soldagar[8]Voodoo Skies for temperaturrekordar[7] |