Acid Queen Studioalbum av Tina Turner | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | August 1975 | |
Innspelt | 1975 | |
Sjanger | Pop, R&B, rock, soul | |
Lengd | 35:29 | |
Selskap | United Artists, EMI | |
Produsent | Denny Diante, Spencer Proffer, Ike Turner | |
Tina Turner-kronologi | ||
---|---|---|
Tina Turns the Country On! (1974) |
Acid Queen | Rough (1978) |
Singlar frå Acid Queen | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Robert Christgau | B[2] |
Acid Queen er det andre studioalbumet til Tina Turner, gjeve ut i 1975 på EMI i Storbritannia og United Artists i USA. Sjølv om det er eit soloalbum av Tina Turner, var den første singelen frå albumet, «Baby Get It On», ein duett med Ike Turner, som var den musikalske partneren og ektemannen til Tina Turner på den tida. Det vart det siste studioalbumet ho gav ut før ho forlet Ike Turner og the Ike & Tina Turner Revue.
Acid Queen har henta tittelen frå rolla til Tina Turner i Ken Russell sin filmversjon av den klassiske rockeoperaen til The Who, Tommy, der òg Elton John, Eric Clapton, Jack Nicholson, Ann-Margret og Roger Daltrey spelte.
Side A av den originale vinylplata består av coverversjonar av rockelåtar. Utanom ei nyinnspeling av tittelsporet, inneheld han Rolling Stones sine «Under My Thumb» og «Let's Spend the Night Together», The Who sin «I Can See For Miles» og Led Zeppelin sin «Whole Lotta Love». Side B var skriven og hovudsakleg produsert av Ike og Tina Turner, og inneheld den siste middels suksessrike R&B-singelen for Ike & Tina Turner, den disco-aktige «Baby Get It On» (US #88, R&B #31). Andre singlar frå albumet var «Whole Lotta Love» (#61 R&B) og «Acid Queen», som kom ut tidleg i 1976.
Acid Queen-albumet er gjeve ut på både vinyl og CD med forskjellige omslag av både EMI Music og den nederlandske etiketten Disky Communications. Den første utgjevinga av albumet på CD inneheld tre bonusspor henta frå Ike & Tina Turner-albuma The Hunter og Outta Season.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Under My Thumb» | Mick Jagger, Keith Richards | 3:22 |
2. | «Let's Spend the Night Together» | Mick Jagger, Keith Richards | 2:54 |
3. | «Acid Queen» | Pete Townshend | 3:01 |
4. | «I Can See for Miles» | Pete Townshend | 2:53 |
5. | «Whole Lotta Love» | John Bonham, Willie Dixon, John Paul Jones, Jimmy Page, Robert Plant | 5:24 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Baby Get It On» (Ike & Tina Turner) | Ike Turner, Tina Turner | 5:34 |
7. | «Bootsy Whitelaw» | Ike Turner, Tina Turner | 5:06 |
8. | «Pick Me Tonight» | Ike Turner, Tina Turner | 3:13 |
9. | «Rockin' and Rollin'» | Ike Turner, Tina Turner | 4:02 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
10. | «I Know» (Ike & Tina Turner) | Barbara George | 3:22 |
11. | «Crazy 'Bout You Baby» (Ike & Tina Turner) | Sonny Boy Williamson II | 3:26 |
12. | «I've Been Loving You Too Long» (Ike & Tina Turner) | Otis Redding, Jerry Butler | 3:55 |