Adel var særleg innan føydalismen ei nemning på den øvste samfunnsklassa. Adelen utvikla seg ved at hovdingar eller stormenn vart gjevne adelstitlar av til dømes ein konge eller keisar. Etter kvart vart adelstittelen og rettane knytt til denne gjort arveleg. Slik utvikla det seg adelsslekter. Om ei adelsslekt var særleg mektig, kunne ho verta kalla fyrstehus.
Europeisk høgadel er ordna etter denne rangordninga:[1]
Andre adelstitlar er t.d. konge og dronning, prins, emir, kalif, jarl og riddar.
Ein adelskalender er ei oversikt over dei levande medlemane av adelen i eit land. Fleire europeiske land gjev ut slike oversikter.[2]