Airborne Studioalbum av Curved Air | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1976 | |
Innspelt | Våren 1976 | |
Studio | Trident Studios i London | |
Sjanger | Progressiv rock, folkrock | |
Lengd | 39:40 | |
Selskap | BTM | |
Produsent | Dennis MacKay, Curved Air | |
Curved Air-kronologi | ||
---|---|---|
Midnight Wire (1975) |
Airborne | Lovechild (1990)
|
Airborne er det sjette studioalbumet til det engelske progressive rockebandet Curved Air, gjeve ut i 1976. Som dei siste par utgjevingane deira selde ikkje dette albumet særleg godt. Dei gav ut ein singel som ikkje var med på plata, «Baby Please Don't Go» med «Broken Lady», kort tid etter før gruppa vart oppløyst. Trommeslagaren Stewart Copeland skipa så The Police, medan fiolinisten Darryl Way og songaren Sonja Kristina begge starta solokarrierer. Bassisten Tony Reeves og gitaristen Mick Jacques vart begge seinare medlemmar av det halvprofesjonelle bandet Big Chief.
The Police spelte «Kids to Blame» tidleg i karrieren sin, i ein punk-aktig versjon. Stewart Copeland brukte òg om att eit gitarriff frå «Desiree» på solosingelen sin «Don't Care» som han gav ut under namnet Klark Kent.
Albumet var første gongen Stewart Copeland var låtskrivar. Kring utgjevinga av Midnight Wire lærte han om honorara låtskrivarar fekk, og svarte med å kverne ut songar fram til bandet aksepterte nokre av bidraga hans.[1]
Produsenten Dennis McKay slutta i prosjektet halvvegs gjennom innspelinga, og let bandet produserte dei siste fire songane sjølve.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Allmusic skildra Airborne som eit oversedd album og «ei sterk oppsummering av alt som gjorde gruppa så viktig til å byrje med.» Dei meinte albumet var svakare enn dei først tre, og at det dreiv mot meir generisk 70-talsrock, men meinte òg at «Desiree» og «Heaven (Never Seemed So Far Away)» var like bra som dei beste utgjevingane deira.[2]
Nr. | Tittel | Tekst | Musikk | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Desiree» | Stewart Copeland, Sonja Kristina | Mick Jacques, Stewart Copeland | 3:12 |
2. | «Kids to Blame» | Norma Tager | Copeland | 3:19 |
3. | «Broken Lady» | Kristina | Tony Reeves | 3:13 |
4. | «Juno» | Darryl Way | Darryl Way | 3:23 |
5. | «Touch of Tequila» | Kristina | Jacques, Reeves | 3:49 |
Nr. | Tittel | Tekst | Musikk | Lengd |
---|---|---|---|---|
6. | «Moonshine» | Way | Way | 11:36 |
7. | «Heaven (Never Seemed So Far Away)» | Copeland, Stuart Lyons | Copeland | 3:18 |
8. | «Hot and Bothered» | Tager | Jacques | 2:53 |
9. | «Dazed» | Way | Way | 4:17 |
Nr. | Tittel | Tekst | Musikk | Lengd |
---|---|---|---|---|
10. | «Baby Please Don't Go» | Big Joe Williams | Big Joe Williams | 2:31 |