Aktiva (frå latin eintal aktivum, av activus, 'aktiv, verksam')[1] er eit rekneskapsuttrykk for eigedelar eller rettar som har formuesverdi.[2]
Aktivasida representerer debetsida i balanserapporten, der eigedelane kan stillast opp side om side med passiva, som representerer kredittsida i balanserapporten. I ei slik oppstilling ligg aktiva til venstre og passiva til høgre.
Eigedelane (eller aktiva) delast som hovudregel inn i anleggsmiddel og omløpsmiddel. Anleggsmiddela delast vidare inn i:
Anleggsmiddel er eigedelar som er fastsette til varig eige eller bruk. Andre eigedelar er omløpsmiddel. Elles er det normalt å trekkje skiljet mellom anleggsmiddel og omløpsmiddel med utgangspunkt i at omløpsmiddel ventast å bli brukt eller på annan måte realisert i løpet av eitt år.
Element som inngår i verksemda sitt varekrinsløp, som varelager og kundefordringar, skal uansett klassifiserast som omløpsmiddel uavhengig av kva tid verksemda faktisk bruker/realiserer desse eigedelane i produksjonsprosessen.