Akupunktur

Klassifikasjonar og ressursar
ICD-10-kode:8/E/0/H/8E0H30Z
MeSHD015670
MeSHD026881

Akupunktur (av latin acus, 'nål', og punctura, 'stikk') er ein gammal terapimetode som går ut på å stikka nåler inn i visse punkt på kroppen. Metoden er viktig i tradisjonell kinesisk medisin, men også ein del i vestlege samanhengar. Akupunktur blir mest brukt på menenske, men kan også brukast på dyr som ei form for smertelindring.

Akupunkturskjema frå Mingdynastiet.

Det finst mange forskjellige filosofiar og teknikkar for akupunktur. Dei klassiske kinesiske teoriane om qi, meridianar og akupunkturpunkt har ikkje vitskapleg belegg.[1] Akupunktur er likevel ei alternativ medisinform som er blitt mykje studert, og er i utbreidd bruk over heile verda. Metoden kan verka ha effekt for ein del lidingar som kvalme, ryggsmerte og hovudverk, [2] sjølv om dette i dei fleste studiar gjerne kan forklarast som ein placeboeffekt.[3]

Kjelder

  1. Barrett, S (30 December 2007). «Be Wary of Acupuncture, Qigong, and "Chinese Medicine"». Quackwatch. Henta 4 May 2015. 
  2. Berman, Brian; Langevin, Helene; Witt, Claudia; Dubner, Ronald (29 July 2010). «Acupuncture for Chronic Low Back Pain». New England Journal of Medicine 363 (5): 454–461. PMID 20818865. doi:10.1056/NEJMct0806114. 
  3. Ernst, E. (2006). «Acupuncture--a critical analysis». Journal of Internal Medicine 259 (2): 125–137. ISSN 0954-6820. PMID 16420542. doi:10.1111/j.1365-2796.2005.01584.x. 

Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.