Koordinatar: 33°41′39.25″N 35°42′07.63″E
Al Shouf-seder naturreservat
verneområde
Al Shouf-seder naturreservat
Land  Libanon
Distrikt Chouf distrikt
Koordinatar 33°41′39.25″N 35°42′07.63″E
Areal 550 km²
Grunnlagd 1996
Kart
Al Shouf-seder naturreservat
33°41′39″ N 35°42′8″ E
Wikimedia Commons: Al Shouf Cedar Nature Reserve
Nettstad: http://www.shoufcedar.org/

Al Shouf-seder naturreservat er eit naturreservat i Chouf distrikt i Libanon. Det ligg i fjellsida av Barouk og dekkjer eit område på 550 kvadratkilometer, nesten 5,3% av Libanon.

Reservatet omfattar libanonsederskogane i Barouk, Maaser el Shouf og Ain Zhalta. Det er eit viktig fugleområde og økoturisme-område. Her held 32 ville pattedyrartar, 200 fugleartar og 500 planteartar til.

Geomangfald

Barouk består av bergartar frå pliocen som har gjennomgått store tektonske rørsler som har delt fjella i Libanon i to parallelle delar. Den austlege fjellkjeda vert kalla Anti-Libanon og den vestlege Libanonfjella. Dei to fjellkjedene er delte av Beqaadalen. Hovudbergarten er kalkstein. Heile Barouk er grottefylt kalkstein, med mange overflatedetaljar som dolinar, som indikerer grotteformene inne i fjellkjeda. Ei grotte, som er 700 meter lang, ligg nær landsbyen Niha. Grotta er full av stalaktittar og stalagmittar.

Det høgatse fjellet i fjellkjeda er på 1980 meter over havet.

Vasstilførsla i området kjem hovudsakleg av regn. Det kan ligge snø i kortare periodar på dei høgare toppane, og i samband med regn og snøsmelting kan det oppstå flaum i området. Mykje av vatnet trekk ned i dei porøse bergartane og ned i dei mange store kjeldene som ligg i dei lågareliggande områda. Desse har på grunn av dette vatn gjennom tørketida frå april til november. Det regnar i snitt 1200 mm i året, og årsmiddeltemperaturen er 11,3 ºC. I august når maksimumstemperaturen i snitt 23,4 ºC, medan minimumstemperatureni januar i snitt er -0,6 ºC. Kulderekorden i januar er -10,8 ºC og varmerekorden i august er 32,3 ºC. Det er kring 50 til 55 snødagar i året.

Kulturarv

Somme av landemerkene i området er:

Kjelder

Bakgrunnsstoff