Alan Wakeman

Fødd13. oktober 1947 (76 år)
FødestadHammersmith
OpphavStorbritannia
Aktiv1968–
Sjangerjazz
InstrumentSaksofon, klarinett
Tilknytte artistarSoft Machine
Verka somMusikar

Alan Wakeman (fødd 13. oktober 1947) er ein engelsk saksofonist, mest kjend for arbeidet med Soft Machine i 1976 på albumet Softs.[1] Han er syskenbarnet til klaverspelaren Rick Wakeman.

Wakeman starta å spele klarinett 14 år gammal og spelte i band med syskenbarnet Rick på piano. Han bytta til altsaksofon då han var 16, og sidan til tenorsaksofon. Han spelar òg sopransaksofon.

Han vart med i Paul Lytton Quartet i 1968 go danna sin eigen trio i 1970 (med Harry Miller på bass). Sidan arbeidde han med Graham Collier, Johnny Dankworth og Mike Westbrook. Han var med i den første utgåva av Alan Gowen-bandet Gilgamesh i 1972-3, men forlet bandet før dei spelte inn det første albumet sitt.

Han forlet Soft Machine i 1976 for å spele i bandet til David Essex. Han arbeidde vidare med Westbrook og i West End, mellom anna for musikalen Grease.

Discography

[endre | endre wikiteksten]

Som leiar

[endre | endre wikiteksten]

Som samarbeid

[endre | endre wikiteksten]

Med Pete Atkin

Med Graham Collier

Med David Essex

Med Mike Westbrook

Med andre

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. Lynch, Dave. «Softs: Review». Allmusic. Henta 5. desember 2010. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]