Allativ er eit kasus som blir brukt til å merke visse adverbiale setningsledd. Grunntydinga til allativ er bort til. Allativ finst i finsk og i andre austersjøfinske språk. Eit døme frå finsk er Lautta vie autot saarelle, «Ferja tar bilane til øya», saari «øy»). Allativ blir i finsk også brukt i konstruksjonar som tilsvarer indirekte objekt i indoeuropeiske språk, som i finsk Mies antoi lehtimyyjälle rahaa, «Mannen gav avisseljaren pengar».

Kjelder

Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya ((tr)) etter påstanden. (2022)