Geometrisk konstruksjon nytta av Hipparkhos for å finne avstanden til sola og månen.

Almagest er hovudverket til astronomen Klaudios Ptolemaios frå Alexandria frå 100-talet og den viktigaste kjelda til kunnskapen vår om astronomisk forsking i antikken. Tittelen kjem frå arabarane, som oversette verket i 827. Det opphavlege greske namn var Megále syntaxis (Det store systemet), megále vart seinare til megíste (største) som, med den arabiske artikkelen føre vart forvanska til Al mágisti. Verket består av i alt 12 bøker som omhandlar forskjellige tema.

Verket handlar om den tilsynelatande rørsla til stjernene og planetane og var akseptert i meir enn tolv hundre år fram til Kopernikus.

Kosmos i følgje Ptolemaios

Kosmologien i Almagest består av fem hovudpunkt, kvart av dei er eit eige kapittel i Bok 1.

Kjelder

  1. Ptolemaios. Almagest. , Book I, Chapter 5.

Bakgrunnsstoff