Alter ego er eit uttrykk frå latin som tyder «anna eg», det vil seie ein dobbeltgjengar eller ein annan identitet eller rolle dersom ein lever eit dobbeltliv.
Uttrykket vert i dag brukt med ei vidare tyding, slik at det tilsvarar alias, AKA (engelsk for Also Known As, «også kjend som»), og for å skildre velutvikla rollefigurar innan revy og teater. Forfattarar sin bruk av pseudonym kjem også inn under dette.
- Teikneserie- og filmfiguren Supermann sitt alter ego er Clark Kent.
- Teikneserie- og filmfiguren Batman sitt alter ego er Bruce Wayne.
- Hannah Montana er fjernsynskjendisen Miley Cyrus sitt alter ego.
- Komikaren Lisa Tønne sitt alter ego er pakistanarguten Ali Reeza.
- Den svenske forfattaren Erik Axel Karlfeldt sitt alter ego var Fridolin i bøkene Fridolins visor (1898) og Fridolins lustgård och Dalmålningar på rim (1901).
- Ego
- Dobbeltgjengar
- Avatar
- Imitator