Amalie er eit kvinnenamn av tysk opphav med ei latinsk ending. Det oppstod som ei kortform av gotiske namn med forleddet Amal, som tyder 'verksam'. Namnet har variantane Amálie, Amalia, Amelia, Amelie, Amélie, og Emelie. Amalie har namnedag den 10. september.
Amalie blei mykje brukt i Noreg på 1800-talet, men bruke avtok gradvis fram mot 1915. Frå 1980-talet auka populariteten raskt, og på 1990-talet og 2000-talet blei det gjeve til rundt 1 % av nyfødde jenter. Det var 4 327 kvinner i Noreg som hadde Amalie som første fornamn i 2007, og 7 130 som bar namnet i 2017.[1]
Amalie er også eit vanleg namn i Danmark, der det blei brukt for 1,4 % av jentebarn i 2005.
Namneform | Brukarar¹ |
---|---|
Amalia | 68 |
Amelia | 184 |
Amelia | 73 |
Emelie | 17 |
¹ (Nordmenn som har namnet som første eller einaste føremnamn. Kjelde: SSB) |
Namnet er kjend frå den norske julekalenderserien Amalies jul, som blei laga i 1995, og filmen Den fabelaktige Amélie fra Montmartre (ofte kalla berre Amélie) frå 2001.