Amulett (av gresk amuletum) er ein gjenstand som einkvan ber med seg i tru på at han kan gje vern. Omgrepet er nært i slekt med talisman, men amuletten er mest meint som eit vern, medan ein talisman også kan ha som føremål å gje brukaren gode eigenskapar,[1] magiske evner og eller særskilde dugleikar.[2]
Amulettar kan til dømes berast i handa, leggast i lomma, brukast som halssmykke eller leggjast inn i ein ring. Dei skal kunna verna den som ber dei mot ulukker og farar langs vegen, forsøk på å kaste trolldom mot han, eller mot skader, sår og alle slags sjukdommar.