Andrej Khramov


Statsborgarskap Russland
Fødd 17. januar 1981 (43 år)
Basjkortostan
Idrett orientering

Andrej Mikhajlovitsj Khramov (fødd 17. januar 1981) er ein russisk tidlegare orienteringsløper frå Basjkortostan som vann verdscupen i orientering 2005. Han vart verdsmeister på normaldistansen i 2005, og kort-distansen både i Olomouc i 2008 og i Miskolc i 2009.

Frå 2005 til 2010 tok Khramov årleg eit VM-gull. Han vann den klassiske distansen i Japan 2005, dei to neste åra sigra han og lagkameratane Roman Efimov og Valentin Novikov i VM-stafetten. Sjølv åleine kom han på individuell bronseplass ved VM 2006 og på sølvplassen i 2007. I 2008 vart han verdsmeister på kort-distansen og europameister i stafett med Russland. I 2009 forsvarte han VM-tittelen på kort-distansen. Året etter vann Khramov i Trondheim sitt tredje VM-gull i stafett, på lag med Dmitrij Tsvetkov og Valentin Novikov. I 2015 la Russland og Khramov beslag på bronsemedaljane i VM-stafetten i Inverness. Eitt år seinare, i tsjekkiske Jeseník, syrgde Khramov, Natalia Vinogradova, Gleb Tikhonov og Galina Vinogradova for at det aller fyrste EM-gullet i øvinga gjekk til Russland.

Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]