Anemi (gresk αναιμία, anemía, «utan blod») er eit nivå på raude blodlekamar og/eller hemoglobin som er lågare enn normalt. Ein reknar òg som anemi om hemoglobinet har mindre evne til å frakte oksygen.

Dette gjer at lekamen får mindre oksygen enn han treng. Teikn på dette er bleik hud (usikkert) og slimhinner (sikkert), at ein er mykje trøytt, har mindre yteevne, dårlegare konsentrasjonsevne, hjarteklapp, hovudverk, blir svimmel og kan bli kortpusta ved tungt arbeid. I tillegg kan det kome symptom frå sjukdommen som ligg til grunn for anemien. Anemi er aldri ein sjølvstendig diagnose, men alltid symptom på ein annan tilstand.

Typar anemiar

Patofysiologisk kan me dela anemiane inn i dei som kjem av auka forbruk av raude blodlekamar (og nokre andre årsaker) og dei som kjem av endra produksjon av raude blodlekamar i beinmergen. Denne lista er ikkje fullstendig.

  • Korpuskulær (årsak i blodlekamen)
  • Defektar i membranen til blodlekamen: Sfærocytose, Elliptocytose
  • Enzymdefektar: Glucose-6-PDH-mangel, Pyrovatkinasemangel
  • Paroksysmal nokturnal hemoglobinuri
  • Ekstrakorpuskulære (årsak utanfor blodlekamen)
  • Immunhemolyse (øydelegging årsaka av immunreaksjon, til dømes Rhesus-immunisering hjå nyfødde)
  • Mekaniske årsaker
  • Forgiftingar (til dømes cyanid og karbonmonoksid)

Diagnostikk av anemi

(dette er ei ufullstendig liste)

Sjå òg

Kjelde