Anodorhynchus
Hyasintara Foto: Hank Gillette
Hyasintara
Foto: Hank Gillette
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Familie: Papegøyefamilien Psittacidae
Underfamilie: Arinae
Slekt: Anodorhynchus
Spix, 1824

Anodorhynchus er ei biologisk slekt i papegøyefamilien, Psittacidae. Dette er store, blå araer frå opne og halvopne naturtypar i det sentrale og austlege Sør-Amerika. Slekta inkluderer to nolevande artar, hyasintara og indigoara, og ein art som er trudd å vere utdøydd, asurara. Med omtrent 100 centimeter i kroppslengde, er hyasintara den lengste papegøyen i verda.

Skildring

Asurara, Anodorhynchus glaucus, illustasjon av Bourjot Saint-Hilaire, 1800-talet

Utanom farga, er det mest typiske morfologiske karakteristikum for slekta den nakne gule hudflekken mot undernebbet. Kvar av artane har sin spesifikke form og storleik på flekken. Alle tre artar har òg gul augering.

Indigoara hekkar utelukkande i holar i fjellsider, hyasintara helst i hole tre. Asurara hekka i holar i skrentar ved elvebankar. Føda for dei tre artane er hovudsakleg nøtter frå nokre få palmeartar.

Populasjonen av asurara vart desimert på 1800-talet ved rydding for jordbruk og innføring av storfe som reduserte førekomst av hovudkjelde til føda, nøtter frå palmearten Butia yatay. Villkattar blei òg etablerte i leveområdet.[1] Indigoara har gjort eit comeback frå nær utrydding på byrjinga av 1980-talet, ca. 60 fuglar, til estimert 1694 i år 2018, som eit resultat av program med vernetiltak. Hyacintara blir verande lokalt vanleg innanfor delar av utbreiingsområdet, men området har blitt fragmentert i tre kjente, distinkte populasjonar i Sør-Brasil, aust i Bolivia og nordaust i Paraguay; bestandar minkar på grunn av omfattande fangst til ulovleg handel så vel som på grunn av tap av naturtypar.

Både hyacintara og indigoara er oppførte på lista i CITES vedlegg 1, den internasjonale avtalen for kontroll av handel med ville dyr og plantar.

Artslista

Anodorhynchus i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2019[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]

Kroppslengde på 100 centimeter, lever i tre åtskilde område i Brasil, det sørlegaste ligg litt inn i tilgrensande Bolivia og Paraguay
72 cm lang, grønleg blå, hovud og hals gråleg. Sist observert tidleg på 1960-talet, var knytt til elvebankar. Naturleg utbreiing var grenseområdet Argentina, Uruguay, Paraguay og sørvestlegaste Brasil
75 cm i kroppslengd, lever i tørre habitat lengst nordaust i staten Bahia, Brasil

Kjelder

Referansar
  1. Yamashita, Valle (1993). «On the linkage between Anodorhynchus macaws and palm nuts, and the extinction of Glaucous Macaw. 113». Bulletin of the British Ornithologists' Club 113: 53–60. 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
  3. Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; S. M. Billerman; B. L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks. (august 2019), eBird/Clements Checklist v2019 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 19. september 2019 

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Anodorhynchus