Anqings plassering i Anhui
Zhenfengpagoden i Anqing

Anqing (kinesisk: 安庆; pinyin: Ānqìng), er eit byprefektur sørvest i provinsen Anhui i det sentrale Kina. Prefekturet har eit areal på 15 398 km² og eit folketal på 5,311 millionar (2010). Prefekturet Anqing består av tre bydistrikt, eitt byfylke og sju fylke. Byen har eit oljeraffineri, og Anqing kolkraftverk og petrokjemisk industri.

Samferdsle

Anqing har ei stor elvehamn.

Kinas riksveg 206 går frå kystbyen Yantai i nord, til kystbyen Shantou i sør. Han går gjennom provinsane Shandong, Jiangsu, Anhui, Jiangxi og til slutt Guangdong. Også Kinas riksveg 318, ein av Kinas lengste hovudveger, går gjennom området. Han byrjar i Shanghai og fører mellom anna innom Wuhan og Chengdu på sin veg inn i Tibet og Lhasa og heilt fram til ein kinesisk grenseovergong mot Nepal i Zhangmu.

Historie

Byen vart grunnlagt før år 100 f.Kr., under Han-dynastiet. På 1100-talet vart han hovudstaden i eit militærprefektur og fekk sitt noverande namn.

Den 72 meter høge Zhenfengpagoden vart bygt i 1570, og er i dag eit viktig kulturminne i byen.

Under Taipingopprøret mot Qing-dynastiet1800-talet var Anqing eit av dei viktigaste støttepunkta for opprørarane, etter at opprørsleiaren Hong Xiuquan hadde teke byen i 1853. I 1861 vart byen gjenerobra av Qing-styrkane.

Mot slutten av 1800-talet var Anqing eit sentrum for kinesisk rustningsindustri.

Inntil 1949 var Anqing provinshovudstad i Anhui.

Kjelder