Antonio Bertali | |||
| |||
Fødd | mars 1605 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Verona | ||
Død | 17. april 1669 | ||
Dødsstad | Wien | ||
Opphav | Republikken Venezia | ||
Sjanger | opera | ||
Instrument | fiolin | ||
Verka som | komponist |
Antonio Bertali (fødd mars 1605 i Verona, daud 17. april 1669 i Wien) var ein italiensk komponist og fiolinist under barokken.
Antonio Bertali var fødd i Verona og fekk si tidlege musikalske utdanning der av Stefano Bernardi. Truleg frå 1624 var han tilsett som hoffmusikar i Wien av keisar Ferdinand II. I 1649 etterfølhde Bertali Giovanni Valentini som Kapellmeister ved hoffet. Han døydde i Wien i 1669 og blei etterfølgd i stillinga av Giovanni Felice Sances.
Bertali komponerte opera, oratorium og instrumentalmusikk.
Vokal
Opera
Instrumentalmusikk