Armin Kogler
Statsborgarskap Austerrike
Fødd 4. september 1959 (64 år)
Innsbruck
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1984, Vinter-OL 1980

Utmerkingar

Holmenkollmedaljen

Armin Kogler (fødd 4. september 1959) er ein austerriksk tidlegare skihoppar.

Etter at han overraskande vann VM i skiflyging i 1979, sette Kogler i 1981 ny verdsrekord i skiflyging med eit hopp på 180 meter. I løpet av dei neste åra tok han to samanlagtsigrar i verdscupen, samt verdsmeistertittelen i normalbakke. I 1984 blei han tildelt Holmenkollmedaljen.

Etter hoppkarrieren utdanna Kogler seg til flygar, og han har i ei årrekke jobba som pilot i Tirolean Airways. Han har dessutan jobba som ekspertkommentator under ORF sine hoppsendingar.

Kogler er gift og har to døtrer.

Merittar

Kjelder

Bakgrunnsstoff