Asino
Асино
Horisonten til
Horisonten til
Plassering
Asino is located in Russland
Asino is located in Tomsk oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Tomsk oblast
Grunnlagd
Bystatus
1896
1952
Geografi
Flatevidd
 - By

90 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

27 290
  303,2 /km²
Koordinatar 57°0′N 86°9′E / 57.000°N 86.150°E / 57.000; 86.150
Tidssone
- Ved sommartid
OMST (UTC+6)
OMSST (UTC+7)
Diverse annan informasjon
Postnummer 636840
Retningsnummer (tlf) +7 38241
Bilnummer 70

Asino (russisk А́сино) er ein by i Tomsk oblast i Russland med om lag 27 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Tsjulym, ei sideelv til Ob, rundt 90 km nordaust for Tomsk.

Historie

Byen vart grunnlagd i 1896 som busetnaden Ksenijevka eller Ksenijevskij, kalla opp etter systera til den siste russiske tsaren, Nikolai II, storfyrstinne Ksenija (Xenia) Aleksandrovna. I 1930 starta bygginga av jernbanen Tomsk–Ksenijevskoje. Byen skifta namn til Asino i 1933, etter jernbanestasjonen. Namnet Asino kjem av Asja, eit russisk diminutiv av Ksenija. Han fekk bystatus i 1952.

Økonomi

Asino er eit sentrum for tømmerretta verksemd som hogst, treforedling og storskala utskipning av tømmer. I tillegg har området kjøtt- og mjølkekombinat og ein linfabrikk.

Jordbruket i Asinoregionen er prega av rug, kveite og lin, samt oppdrett av kveg og svin. Førekomstar av torv, sand og leire finst òg i området.

Byen har elvehamn ved elva Tsjulym og ein jernbanestasjon.

Bakgrunnsstoff

Kjelder