Må ikkje forvekslast med vitskapen astronomi.
Astrologisk klokke i Venezia.

Astrologi er eit læresystem som hevdar at det finst samband mellom plasseringar mellom solsystemets planetar, sola og månen og hendingar i menneska sine liv. Ordet «astrologi» kjem frå gresk αστρολογία, frå άστρον, astron, («stjerne») og λόγος (logos), «lære, systematisk tanke eller tale».

Historie

Astrologien kjenner vi allereie frå Babylon. Fram til mellomalderen var det same disiplin som astronomien. Stort sett alle mytologiar har sett på stjernehimmelen, og brukt kunnskap om sol, måne og dei nære planetane som grunnlag for mytologiske verdsbilete.

Astrologiens tankegang

Den grunnleggjande tanken bakom astrologien er vanlegvis nokre av desse:

Astrologi spela ein sentral rolle innom magi og alkymi under antikken og langt inn i moderne tid.

Astrologisk utrekning

Vestleg horoskop
Planetteikn

Astrologien går ut på at ein ser dels kva stjerneteikn dei ni «planetane» månen, Merkur, Venus, Mars, Jupiter, Saturn, Uranus, Neptun, Pluto, og Ascendenten og Medium coeli ligg i ved fødselsaugneblinken, og kva tilhøve planetane stod til kvarandre i. Horoskopet er inndelt i dei tolv teikna og kvart teikn er 30 gradar. Ein reknar også ut vinklar mellom dei ni planetane, ascendenten og medium coeli slik som stjernehimmelen såg ut. Ein deler også inn horoskopet i 12 delar som vert kalla husa i zodiaken.

Kritikk

I moderne tid har vitskapen sett astrologien som ein rein pseudovitskap.

Kjelder