63°01′07″N 7°21′51″E / 63.018611°N 7.364167°E / 63.018611; 7.364167

Atlanterhavsvegen

Kart
Atlanterhavsvegen
63°01′00″N 7°21′16″E / 63.0167°N 7.3545°E / 63.0167; 7.3545
Atlanterhavsvegen, Storseisundet bru, Lauvøyfjorden.

Atlanterhavsvegen er eit vegstykke på riksveg 64Nordmøre i Møre og Romsdal. Vegen er 8274 meter lang og går frå Vevang i Eide til Kårvåg i Averøy og avløyste 7. juli 1989 ferjesambandet mellom Ørjavik og Tøvik i dei to kommunene. Anlegget består blant anna av åtte bruer på til saman 891 meter og går over ein heil del holmar og skjer. Vegen kosta 122 millionar 1989-kroner og var delvis bompengefinansiert. Bommen blei fjerna i juni 1999.

Traseen vegen følgjer blei opphavleg planlagt for jernbane tidleg på 1900-talet, men den ideen blei skrinlagd for godt i 1935. Planlegging av vegstrekninga kom i gang på 1970-talet. Bygginga starta 1. august 1983.

Atlanterhavsvegen er landets åttande best besøkte naturbaserte turistattraksjon (2004) med 283 500 besøkande. Vegstrekninga er foreslått til nasjonal turistveg.

Århundrets byggverk i Noreg

I september 2005 blei Atlanterhavsvegen kåra til Århundrets byggverk 1905–2005.

Bruer på Atlanterhavsvegen frå vest mot aust

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Atlanterhavsvegen