Baden
region
Land  Tyskland
Baden 1806-1945
Baden 1806-1945
Baden 1806-1945
Wikimedia Commons: Baden

Baden er eit område i den sørvestlege delen av det noverande Tyskland, og utgjer grovt sett den vestlege delen av den noverande delstaten Baden-Württemberg. Markgrevane av Baden var ei gammal fyrsteslekt med namn etter borga Hohenbaden i Baden-Baden. I løpet av mellomalderen og dei seinare århundra skaffa dei seg eit territorium mellom Schwarzwald og Rhinen og delte seg i fleire linjer, som vart samla til eitt markgrevskap i 1771.

Napoleon

I samband med oppløysinga av det heilage tysk-romerske riket i 1806 gjorde Napoleon Baden til eit storhertugdømme, og Baden fekk tildelt så mange nye territorium at arealet femdobla seg. Baden vart deretter ein suveren stat, og etter den tyske revolusjonen i 1848 også ein av dei mest liberale blant dei tyske statane.

Det tyske keisardømet

Baden i tyske keisardømet.

I 1871 vart Baden eitt av sambandslanda i det nye tyske keisardømet og grensa den gongen til rikslandet Elsass-Lothringen, kongeriket Bayern, storhertugdømmet Hessen-Darmstadt, kongeriket Württemberg, kongeriket Preussen (Hohenzollern) og Sveits. Hovudstaden var Karlsruhe.

1900-talet

I 1918 vart Baden ein eigen republikk. I 1952 vart Baden slått saman med Württemberg-Baden og Württemberg-Hohenzollern og danna den nye staten Baden-Württemberg.

Anna