Badestamp er ein stamp som vert nytta for å lauga seg, slappa av og ha sosialt samvær.
Tidlegare var badestampen eit kar ein fylte med oppvarma vatn for hand og gjerne berre bada i ved særskilde høve, som til jul.[1] Slike stampar var flyttbare og kunne ha ulike bruksområde. På gardar kunne ein til dømes ta stampen ein elles vaska sauar i og bada heile hushaldet der etter tur.[1] Badestampar kunne brukast ulike stader, til dømes i eldhus, på kjøken eller soverom.[2][3]
Moderne badestampar blir som regel fylte med oppvarma vatn automatisk. Ein kan bruka innlagt vatn, fylla stampen ved hjelp av ein hageslange, eller pumpa inn vatn frå ei vasskjelde som sjøen. Vatnet vert ofte varma opp med vedfyring.
Badestampar i dag kan lagast av tre og/eller glasfiber.[4][5] Dei er gjerne laga som eit lite basseng. Stampane er ofte store og rommelege med plass til fleire personar.[6]
Dei blir som regel monterte på ein fast stad,[7] men det finst også døme på at ein set opp stampar på ein hengjar og dermed kan flytta dei rundt.[8]
Badestampar er djupare enn vanlege badekar, og det har vore fleire tilfelle der vaksne har drukna i dei.[9]
Badestampar med vatn som blir ståande og ikkje reinsa mellom kvar gong dei blir brukte kan danna grobotn for bakteriar.[10] Ein av desse er legionella, som kan vera døydeleg.[11] Ofte reinser ein vatnet med klorin eller bromin, men saltvatnklorinering er også blitt meir vanleg.[12]