Bagasje, ferdagogds, reisegogds, eller oppakning er utstyr og eigedelar ein har med seg på reise. Dette kan ein anten bera med seg eller lasta på kløvdyr eller fargreier.
Det finst ulike innretningar til å pakka bagasje i, som veske, ryggsekk, kløv, meis, koffert og reisekiste. Ein kan også flytta bagasje ved hjelp av traller, bagasjeband og ulike køyretøy. Transportmiddel kan ha særskilde stader å oppbevara bagasje på, som bagasjerom på bil, bagasjehylle på tog eller lasterom på fly.
Ordet bagasje kjem frå fransk bagage og opphavleg frå gammalprovençalsk.[1] Det er avleidd frå mellomalderlatin baga, 'sekk'. I overført tyding kan bagasje visa til kvalifikasjonar eller livserfaringar.[2] Kvart einskild stykke reisegods kan ein kalla kolli (fleirtal av italiensk collo, 'nakkebør'.[3]
Ved flyging finst det ulike reglar for bagasje knytte til vekt, storleik og innhald. Kvar passasjer har gjerne ein viss vektkvote for kor mykje dei kan ta med seg. I tillegg finst det maksgrenser for kvart kolli. Handbagasje og send bagasje har ulike reglar for storleik. Farleg materiale som gassar, våpen og sprengbart materiale er heller ikkje lov å ha med seg i bagasjen.