Bardekvalar | |
![]() | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
Underorden: | Whippomorpha |
Infraorden: | Kvalar Cetacea |
Parvorden: | Bardekvalar Mysticeti Flower, 1864 |
Bardekvalar (Mysticeti, frå gresk mystax ('bart') og cetos ('kval')) er ein underorden kvalar. Dei skil seg frå tannkvalane ved å mangla vanlege tenner; i staden har dei fått desse forandra til såkalla bardar. Desse sit i overkjeva og består hovudsakleg av keratin. Dei liknar store hårkammar og fungerer som eit filter dei får plankton ut av vatnet med.
Bardekvalar har blåsehòl med to pusteopningar, og lever berre i havet. Det er uklårt om bardekvaler har ei primitiv form for ekkolokalisering eller ikkje.