Kvinne med dobbelthovudlutt. Måla av Frans van Mieris den eldre i 1672.
Luttenisten og komponisten Charles Mouton og ein fransk barokklutt med elleve strenger. Måleri av François de Troy, Paris 1690 (Musée du Louvre)
Svanehalslutt.
Foto: Galassi
Liuto attiorbato.
Foto: Galassi

Barokklutt viser til ei gruppe europeiske luttypar frå 1600 og 1700-talet. Eit kjenneteikn er at det er tilføyd diatonisk røysta basstrenger (grand jeu) til dei seks strengene på gripebrettet (petit jeu) for å utvide bassregisteret.

Denne artikkelen omhandlar berre barokkinstrument som eksplisitt vart skildra som lutt, difor er eksempelvis teorbe, angelica og mandora utelatne.

Overgangstid

Rundt 1580 vart det skrive stadig meir musikk for sju og åtte strengekor. Frå 1620 vart talet på strenger kome opp i tolv.

I tillegg kom eksperiment med stemming av petit jeu. I den relevante sekundærlitteraturen er det funne over tjue ulike stemminger (accords nouveaux) av strengene som blir gripe med venstre hand si fingrar.[1] Dei to mest brukte stemmingene er den såkalla ton ravissant med nesten tusen verna stykke og sharp tuning med over femhundre verna stykke.

Det vart eksperimentert med ulike byggetekniske løysingar for å ta opp bass-strengene. I overgangstida var instrument med to skruekasser utbreidd, seinare kalla tohoda lutt. Dei var utstyrt med ein skruekasse for opp til fire bass-kor montert i forlenginga av halsen ved sida av den opphavlege skruekassen som heldt den tradisjonelle knekken.

Fransk barokklutt

Etter den eksperimentelle fasen i første halvdelen av 1600-talet vart ein elleve-korig barokklutt dominerande i Frankrike. Petit jeu vart stemd i kvartar og små og store tersar. Nominell stemming var: A - d - f - a - d' - f' (tonehøgden varierte mellom anna avhengig av strengematerialet).

Dei franske luttbyggjarane nytta knekkhals-lutten frå renessansen som byggeteknisk mal. Ein føretrekte å byggje om renessanselutter av den Bologna-baserte tyske luttbyggjaren Laux Maler (1518-1552) og av Hans Frei.

På andre halvdelen av 1600-talet breidde barokklutt stemd i det som seinare kallast nyfransk stemming seig over heile Europa (bortsedd frå Italia) og med den òg fransk luttmusikk av René Mézangeau, Ennemond Gaultier, Denis Gaultier, François Dufault og mange andre.

Tysk barokklutt

Luttvirtuosen Silvius Leopold Weiss frå Dresden føydde etter ca 1720 to basstrenger til den franske barokklutten. For desse ekstra strengene fanst det to byggetekniske løysingar:

Barokklutter av svanehalstypen overlevde heilt til den tidlege tida til klassisismen. Kjende utøvarar og komponistar var Bernhard Joachim Hagen, Adam Falckenhagen, Jakob Friedrich Kleinknecht og Christian Gottlieb Scheidler.

Italiensk barokklutt

I Italia heldt barokkluttens gripebrett-strengar renessanse-stemminga i kvartar, nominelt g - c - f - a - d' - g'. I tillegg kom åtte bordunstrengar som vart stemd etter tonearta til stykket. Bass-strengene vart tekne opp i ein ekstra skruekasse som var bygd i forlenginga av halsen (liuto attiorbato).

Nemneverdige komponistar er Johann Hieronymus Kapsberger, Alessandro Piccinini, Pietro Paolo Melii, Bernardo Gianoncelli, Giovanni Zamboni og Filippo dalla Casa.

G. Fr. Händel brukte den store italiensken barokklutten, erkelutten, i orkestret.

Kjelder

Referansar

Bakgrunnsstoff

Litteratur