Barsel (latin puerperium) er tida under og like etter ein barnefødsel.[1]
Innan obstetrikk reknar ein barselperioden som dei første seks vekene etter ein fødsel.[2] Ei kvinne som er i denne perioden kan ein kalla ei barselkvinne eller barselkone.[3]
I løpet av barseltida endrar kvinnekroppen seg tilbake til ein ikkje-gravid tilstand gjennom endringar som hormonnivået og livmorstorleiken.[4] Samtidig byrjar mjølkeproduksjonen.[5]
Verdshelseorganisasjonen (WHO) har omtalt barseltida som den mest kritiske men likevel også den mest oversette delen av liva til både mor og barn; dei fleste dødsfall for begge gruppene finn stad i denne perioden.[6] I barseltida er det mellom anna risiko for stor bløding,[7] infeksjon[6] og blodpropp.[5] Det er også mogleg å utvikla visse psykiske lidingar som fødselsdepresjon, posttraumatisk stressliding (PTSD) og i nokre sjeldne høve postpartumpsykose.[8]
Soge
Ordet «barsel» er avleidd av «barnsøl», og viste opphavleg til feiringa av ein barnefødsel, gjerne ved dåpen. I Noreg har det også vore skikk å vitja barselkoner og gje dei nærande mat, som barselgraut.[3]
↑Weeks, A (Januar 2015). «The prevention and treatment of postpartum haemorrhage: what do we know, and where do we go to next?». BJOG : An International Journal of Obstetrics and Gynaecology122 (2): 202–10. PMID25289730. doi:10.1111/1471-0528.13098.
↑Dobson V, Sales B (2000). «The Science of Infanticide and Mental Illness». Psychology, Public Policy, and Law6 (4): 1098–1112. doi:10.1037/1076-8971.6.4.1098.