Basalkonglomerat (botnkonglomerat) er eit konglomerat avsett som rullestein og grus på ei gammal landoverflate.[1] Det utgjer ofte den nedste delen av ein geologisk lagserie.[2]
Basalkonglomerat blir danna i byrjinga av den gradvise utbreiinga av eit hav over landoverflata.[2] Konglomeratet er avsett over ein lengre tidsperiode og markerer starten på ein periode med avleiringar av nye sediment.[1]
I Noreg finn ein mellom anna basalkonglomerat på Hardangervidda direkte på grunnfjellet på botn av avleiringar frå kambrium og silur.[1]