Battir | |||
بتير, Bateer | |||
kommune | |||
Battir
| |||
Namneopphav: Bether[1] | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Betlehem guvernement | ||
Koordinatar | 31°43′29″N 35°08′12″E / 31.72472°N 35.13667°E | ||
Areal | 7,4 km² | ||
Folketal | 3 967 (2007)[2] | ||
Folketettleik | 536 / km² | ||
Borgarmeister | Akram Bader | ||
![]() Battir 31°43′29″N 35°08′12″E / 31.724722222222°N 35.136666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Battir | |||
Battir (arabisk بتير) er ein palestinsk landsby på Vestbreidda, 6,4 km vest for Betlehem, og sørvest for Jerusalem.
Battir har vore busett sidan jernalderen. Oldtidsbyen Betar, òg skrive Bittir, Bitir, Beitar, var ei jødisk landsby på 100-talet evt og åstad for det siste slaget i Bar Kokhba-opprøret. Han var busett i bysantinsk og islamsk tid. Battir ligg like oppom Jaffa–Jerusalem-banen, som tente som våpenkvilelinje mellom Israel og Jordan frå 1949 til seksdagarskrigen, då han vart erobra av Israel. I 2007 hadde Battir eit folketal på kring 4 000 og var under Den palestinske sjølvstyresmakta si kontroll.
Battir har blitt identifisert som staden Betar (òg kalla Beiter). Den moderne palestinske landsbyen er bygd kring den gamle staden Khirbet el-Yahud (arabisk, som tyder «ruinen til jødane» ) og var den siste skansen under det andre opprøret mot romarane, der leiaren Bar-Kokhba døydde i 135 evt.[3][4][5]
I 1596 stod Battir oppført i osmanske skattelister som ein landsby i Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 24 muslimske hushaldningar og to ungkarar, og betalte skatt for kveite, sommaravlingar eller frukttre, og geiter eller bikubar.[6]
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja staden i 1860-åra.[7]
Palestine Exploration Fund skildra i Survey of Western Palestine i 1883 Battir som ein mellomstor landsby i ein djup dal.[8]
På 1900-talet var utviklinga av Battir knytt til plasseringa langs jernbanen til Jerusalem, som gav tilkomst til marknadsplassen og inntekter frå passasjerar som tok seg ein pause under reisa.[9] Under krigen i 1948 flykta dei fleste landsbybuarane, men Mustafa Hassan og nokre få andre vart verande att. Om kvelden tende dei lys i husa og om morgonen tok dei kyrna ut på beite. Då dei nærma seg landsbyen trudde isrealarane derfor at Battir framleis var busett og gav opp åtaket.[10] Våpenkvilelinja vart trekt nær jernbanen, og Battir enda opp berre nokre meter aust for Jordan si grense med Israel. Minst 30 % av landområdet til Battir hamna på den israelske side av den grøne linja, men landsbybuarane fekk lov å behalde området, for å hindre at jernbanen vart øydelagd, og dermed vart dei dei einaste palestinarane som offisielt fekk lov til å krysse inn i Israel og arbeide på landområdet sitt før seksdagarskrigen.
Etter seksdagarskrigen i 1967 kom Battir under israelsk kontroll, men etter tilbaketrekkinga til Israel i 1995, har han blitt administrert av Den palestinske sjølvstyresmakta (PNA).