Beteslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Nellikordenen Caryophyllales |
Familie: | Amarantfamilien Amaranthaceae |
Underfamilie: | Betoideae |
Stamme: | Beteae |
Slekt: | Beteslekta Beta L., 1753 |
Bete er ei planteslekt i amarantfamilien. Fleire mat- og fôrvekster høyrer til slekta som raudbete, fôrbete og sukkerbete.
Plantane i slekta er eitt- og toårige urter med opprett vekst som typisk blir rundt ein meter høge. Dei har tynn pelerot og store, hjarteforma blad som er tjukke og hårlaus. Betane har små, lite iaugefallande blomar som sit i store blomsterstandar. Blomane er samla i endestilte, aksaktige nøklar. Frukta er ein flat kapsel med eit oppspringande lok.
Det kjem 12 artar frå Europa og middelhavsområdet. Den viktigaste av desse kulturelt er Beta vulgaris som omfattar strandbete (B. vulgaris ssp. maritima), stamforma til dyrka betar.
Betar som raudbete kan dyrkast over heile Noreg. Både blad og rot kan brukast som mat. Fleire betetypar kan ha sterk raudfarge som kjem av betalainstoff. Alle raudbetetypar er likevel ikkje nødvendigvis raude, men kan også ha kvite eller gulfarga røter.