Birobidzjan Биробиджан | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Den jødiske autonome oblasten | ||
Grunnlagd Bystatus |
1915 1937 | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
36 000 km² | ||
Innbyggjarar - Totalt (2010) - folketettleik |
75 400 2,1 /km² | ||
Koordinatar | 48°47′N 132°56′E / 48.783°N 132.933°E | ||
Høgd over havet | 82 moh. | ||
Tidssone - Ved sommartid |
VLAT (UTC+10) VLAST (UTC+11) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Retningsnummer (tlf) | +7 42622 | ||
Bilnummer | 79 | ||
Nettstad: birobidzhan.rfn.ru |
Birobidzjan (russisk Биробиджа́н; jiddisch ביראָבידזשאן) er hovudstaden i Den jødiske autonome oblasten i Russland. Byen ligg ved elvane Bira og Bidzjan, som begge har gjeve namn til byen, og er nær grensa til Folkerepublikken Kina og ved den transsibirske jernbanen. I 2010 hadde byen 75 400 innbyggjarar. Jiddisch er eitt av dei offisielle språka der, og blir framleis i nokon grad bruka.
Dei som gjestar området skal finne det overraskande grønt. Det er mest lettindustri der.
Ein dokumentarfilm kalla L’Khayim, Kamerat Stalin! om korleis Stalin oppretta denne regionen for jødane på 1930-talet og korleis tusenvis av jødar slo seg ned der, kom i 2003. I tillegg til at filmen viser historia om opprettinga av dette som skulle vere eit «jødisk heimland», viser filmen scener frå dagens Birobidzjan og intervju med jødiske innbyggjarar.
Det var ikkje så stor del av dei sovjetiske jødane som slo seg ned i Birobidzjan, men dei som gjorde det, kom seg iallfall unna det Holocaust som ramma jødane i den vestlege delen av landet da Nazi-Tyskland gjekk til åtak på Sovjetunionen i 1941.