Bladkvefsar | |
Hoe av Tenthredo notha Foto: Frank Strømmen
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Klasse: | Insekt Insecta |
Orden: | Årevengjer Hymenoptera |
Underorden: | Plantekvefsar Symphyta |
Familie: | Bladkvefsar Tenthredinidae Latreille, 1802 |
Underfamiliar | |
Allantinae Blennocampinae Heterarthrinae Nematinae Selandriinae Tenthredininae |
Bladkvefsar (Tenthredinidae) er ein familie plantekvefsar. I 2010 var 6000 artar av bladkvefsar kjende globalt, noko som gjer familien til den største mellom plantekvefsane.
Bladkvefsar er frå nokre få millimeter til nesten 1,5 centimeter store - dei fleste under 1 centimeter. Mange er svarte eller mørke med få lyse parti; ofte berre avgrensa til bein, munndelar og bakkroppspiss. Ein del artar er likevel særs rike på letar, særskilt underfamilien Tenthredininae.
Dei fleste bladkvefsane et berre éin type plantar, eller et òg nokre nærskylde artar. Nokre artar kan derimot eta særs ulike plantar, som bregnar og vier.