Bladsongarar
Bøksongar, Phylloscopus sibilatrix
Bøksongar, Phylloscopus sibilatrix
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Passeri
Familie: Bladsongarfamilien Phylloscopidae
Slekt: Bladsongarar Phylloscopus
Boie, 1826

Bladsongarer er ca. 77 små insektetande fugleartar som utgjer den biologiske slekta Phylloscopus. Utbreiingsområdet er Afrika, Asia og Europa. Dessutan hekkar arten lappsongar i Alaska i tillegg til i Eurasia. Kjente bladsongarar i Noreg er lauvsongar, gransongar og bøksongar.

Bladsongarar er aktive, i konstant rørsle, og aldri langt frå tre, normalt i ganske ope skogsterreng heller enn i tette plantasjar. Dei lever i alle område av trea frå toppen av trekrona ned til underskogen. Dei fleste av artane er markert territoriale både sommar og vinter. Dei fleste er grønlege eller brunaktige på oversida og lyst grå eller gulaktig nedanfor. Artar som hekkar i tempererte område er vanlegvis sterke trekkfuglar.

Samansettinga av artar gjer Phylloscopus polyfyletisk med omsyn til Seicercus. Derfor kan ein vente at fleire artar blir flytta ut frå denne slekta. Slekta var tidlegare plassert i oppsamlingstaksonet songarfamilien, men er no flytta inn i ein ny familie Phylloscopidae, (Alström et al. 2006) med norsk namn bladsongarfamilien.

Artslista

Bladsongarar i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2019[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

Kjelder

  • Alström, Per; Ericson, Per G.P.; Olsson, Urban & Sundberg, Per (2006) Phylogeny and classification of the avian superfamily Sylvioidea. Molecular Phylogenetics and Evolution 38(2): 381–397. doi:10.1016/j.ympev.2005.05.015
  • Badyaev Alexander V. & Leaf, Elizabeth S. (1997) Habitat associations of song characteristics in Phylloscopus and Hippolais warblers. Auk 114(1): 40-46. PDF fulltext Arkivert 2008-10-14 ved Wayback Machine.

Referansar

  1. Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; S. M. Billerman; B. L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks. (august 2019), eBird/Clements Checklist v2019 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 14. september 2020 
  2. Syvertsen, P. O., Bergan, M., Hansen, O. B., Kvam, H., Ree, V. & Syvertsen, Ø. 2020. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening https://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/