Blues for Allah er det åttande studioalbumet til Grateful Dead. Det vart spelt inn mellom 27. februar og 7. mai 1975, og utgjeven 1. september 1975. Det var det tredje albumet deira som kom ut på deira eige Grateful Dead Records og det tredje studioalbumet deira på rad. Sjølv om det ikkje har seld til gullplate, var det den høgaste plasseringa gruppa fekk på den amerikanske albumlista før In the Dark i 1987 og nådde 12. plassen på Billboard-lista. Det låg 13 veker inne på lista.[5]
Blues for Allah vart spelt inn etter at bandet byrja ein lengre konsertpause frå oktober 1974. Bandet trengde eit nytt album for plateselskapet sitt og sette i gang prosjektet i januar 1975. I staden for å bruke kommersielle studio som dei hadde gjort på dei føregåande albuma, nytta dei det nybygde heimestudioet til rytmegitaristen Bob Weir i Mill Valley i California.[6] Og i staden for å la dei nye songane modne på konsertane deira først, vart songane utvikla i studio. I følgje manageren Rock Scully var dette eit forsøk frå sologitaristen Jerry Garcia på å få dei andre i bandet meir involvert i låtskrivinga.[7] Bandet drog i musikalske retningar dei ikkje hadde gjort før. Garcia forklarte: «Me arbeider med å skape stilar, i staden for å berre velje blant andre stilar. Derfor er det litt vanskelegare, og langt meir eksperimentelt.»[8] Hovudriffet for «Franklin's Tower» var dels inspirert av refrenget på Lou Reed-hitten «Walk on the Wild Side» frå 1973.[9]
Ein smak av orientalsk musikk steig fram, vektlagt av tekstane til Robert Hunter. Mangel på vestlege taktartar på somme av songane bidrog ytterlegare til dette preget, i tillegg til eksperimentering med andre instrument, som fløyte på den Bach-aktige «Sage & Spirit» (kalla opp etter døtrene til manageren Rock Scully).
Om atmosfæren i studio sa Lesh at «heimestudioet til Bob var akkurat stort nok til at alle fekk plass … med forskjellige gjester, som Mickey [Hart], David Crosby og John Cipollina, som kom og gjekk. Me klarte å få ei ferdig innspeling av Allah som me var nøgde med, tok lydbanda til [Artisan Sound Recorders i San Francisco] for den endelege miksen.» Lydmannen til bandet, Dan Healy, var lydteknikar på prosjektet, assistert av Robbie Taylor.[7]
Perkusjonisten Mickey Hart, som hadde spelt på «farvellkonserten» deira 20. oktober 1974, vart invitert med på innspelingane av Garcia og Lesh. Hart hadde slutta i bandet i februar 1971.
Sjølv om dei ikkje hadde turnert sidan september 1974, spelte Grateful Dead stundom i San Francisco i innspelingstida. Dei testa suiten frå albumet og spelte på ein veldedig konsert i mars 1974 for skular i San Francisco under namnet «Jerry Garcia & Friends».
Dei vurderte å kalle opp albumet etter kong Faisal av Saudi-Arabia, som vart myrda etter innspelinga kom i gang.[10]
For å feire utgjevinga av albumet heldt bandet ein liten konsert i Great American Music Hall, der dei framførte heile albumet. Konserten vart teken opp på 16-sporsopptakar og gjeven ut i 1991 som One from the Vault. Dette var faktisk den første komplette konserten Grateful Dead gav ut og den første av ei rekkje utgjevingar frå arkivet deira.
Det vart gjeve ut to singlar frå albumet, «The Music Never Stopped» og «Franklin's Tower», begge med B-sida «Help on the Way». «The Music Never Stopped» er kortare enn albumversjonen, med ei nyinnspelt avslutning. «Franklin's Tower» er ein redigert versjon og «Help on the Way» tonar ut før punktet der han på albumet glir over i «Slipknot!».
Blues for Allah var det siste studioalbumet dei gav ut på eige selskap.