Bob Moses

Fødd28. januar 1948 (76 år)
FødestadNew York City i USA
FødenamnRobert Laurence Moses
AliasRa-Kalam Bob Moses
OpphavUSA
AktivSidan 1964
SjangerJazz, avantgarde jazz
InstrumentTrommer
Tilknytte artistarThe Free Spirits, Gary Burton, Tisziji Munoz
PlateselskapGramavision
Verka somMusikar

Bob Moses (fødd 28. januar 1948) er ein USA-amerikansk jazztrommeslagar.

Biografi

[endre | endre wikiteksten]

Moses spelte med Roland Kirk i 1964–65, medan han framleis var tenåring. I 1966 skipa han og Larry Coryell gruppa The Free Spirits, eit jazzfusionband, og frå 1967 til 1969 spelte han i kvartetten til Gary Burton. Han spelte på det viktige Burton-albumet A Genuine Tong Funeral i 1967, men på grunn av kunstnariske skilander med komponisten på albumet, Carla Bley, vart trommeslagaren berre oppført som «Lonesome Dragon».[1] Moses og Bley vart seinare vener att og han talte varmt om musikken hennar.

Moses spelte òg med Burton i 1970-åra, i tillegg til Dave Liebman/Open Sky, Pat Metheny, Mike Gibbs, Hal Galper, Gil Goldstein, Steve Swallow, Steve Kuhn/Sheila Jordan (frå 1979 til 1982), George Gruntz og Emily Remler (frå 1983 til 1984). Tidleg i 1970-åra var han medlem av bandet Compost med Harold Vick, Jumma Santos, Jack Gregg og Jack DeJohnette.

Det første albumet hans var Love Animal i 1968. Det andre som leiar var Bittersuite in the Ozone i 1975. Platene hans for Gramavision i 1980-åra vart kritikarroste.

Han skreiv ei bok om trommespeling, Drum Wisdom.[2]

Moses har òg vore lærar ved New England Conservatory.

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]

Som leiar

[endre | endre wikiteksten]

Med Compost

Som sidemann

[endre | endre wikiteksten]

Med Gary Burton

Med Michael Gibbs

Med Steve Kuhn

Med Dave Liebman

Med Steve Marcus

Med Tisziji Muñoz

Med andre

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. Ethan Iverson, A Lifetime of Carla Bley, The New Yorker, 13. mai 2018
  2. Moses, Bob; Mattingly, Rick (1984). Drum Wisdom. Modern Drummer.