Bobby Brown Goes Down av Frank Zappa frå albumet Sheik Yerbouti | ||
Utgjeve | 3. mars 1979 | |
Innspelt | 1978 | |
Sjanger | Komedierock | |
Lengd | 2:49 | |
Selskap | CBS Records | |
Låtskrivar(ar) | Frank Zappa | |
---|---|---|
Produsent | Frank Zappa | |
Frank Zappa-kronologi | ||
«Dancin' Fool» (1979) |
Bobby Brown Goes Down | «Joe's Garage» (1979)
|
«Bobby Brown» eller «Bobby Brown (Goes Down)» er ein song av Frank Zappa på albumet Sheik Yerbouti frå 1979. Det er ein av hans mest kjende songar og var særs populær i Europa.[1][2]
Songen skildrar ein velståande, kvinnehatande student kalla Bobby Brown, «the cutest boy in town» (den søtaste guten i byen), som har eit liv som er den erketypiske amerikanske draumen fram til eit traumatisk seksuelt møte med «Freddie», ei lesbisk kvinne involvert i kvinnefrigjeringsrørsla, som får han til å setje spørsmålsteikn ved sin eigen seksualitet. Han skjønar etter kvart at han er homofil og mot slutten av songen skildrar han seg sjølv som «sexual spastic» (seksuelt spatisk) som driv med «golden showers» og S&M, noko han takkar Freddie for. Songen var mykje meir populær i Europa enn i Amerika, og dette er årsaka til han berre finst på den europeiske utgåva av samleplata Strictly Commercial.[3][4]
Versjon 1:
A. «Bobby Brown» - 2:43<
B. «Baby Snakes» - 1:50
Versjon 2:
A. «Bobby Brown» - 2:43
B. «Stick It Out» - 4:33
Føregangar «Born to Be Alive» Patrick Hernandez |
Toppen av VG-lista Frank Zappa 11 veker, veke 36–46, 1979 |
Etterfylgjar «We Don't Talk Anymore» Cliff Richard |