Bottheim stoppestad


Stasjonsområde
Stad Bottheim
Distanse 352,13 km frå Åndalsnes
Høgd 648,2 moh.
Opna 19. november 1921
Nedlagd 1990
Arkitekt Gudmund Hoel og Bjarne Friis Baastad
Linjer og rutedrift
Linje(r) Raumabana
Overgang
Kart
Bottheim stoppestad

Bottheim stoppestad er ein tidlegare stoppestad på Raumabana, opna i 1921 og lagt ned i 1990. Bottheim er ei grend i Lesja kommune som ligg 8 kilometer frå Dombås.

Trafikken på stasjonen

Bottheim var ein betent stoppestad med sal av billettar og ekspedering av gods frå opninga og til 1964, då beteninga vart inndregen. I 1973 vart Bottheim nedgradert til haldeplass kor toga stansa ved behov. Frå ruteskiftet i 1988 vart det slutt på togstoppa og haldeplassen vart formelt nedlagd i 1990.

Bottheim hadde eit om lag 130 meter langt gjennomgåande sidespor til godsrampa, og det var mogleg å sende vognlastar til og frå stasjonen i mange år etter at han vart ubetent. Sidesporet vart rive før 1980, medan godsrampa blei liggjande til rundt 2005. På stasjonsområdet fans elles ei dresinbu, eit brønnhus og ei privatbygning med tre dassar og vedlager.

Stasjonsbygninga

Bottheim stoppestad vart bygd i 1921 og var teikna av Norges Statsbanars arkitektkontor ved Gudmund Hoel og Bjarne Friis Baastad. Bygningstypen kaltes «Type for Raumabanen» og stasjonen var lik fleire andre på Raumabana, mellom anna Lora, Verma og Marstein. Bygninga var oppført i lafta tømmer kledd med liggjande trepanel. Gavlane hadde ståande vekselpanel. Saltaket var tekt med skifer. Døra til venterommet og vindauga i gavlen var rama inn av ornamentikk i nyrokokko stil. Utanfor ekspedisjonsrommet var eit utbygg mot plattforma med plass for eit innvendig stillverk. Godshuset var i ei sidefløy til stasjonsbygninga. Første etasje hadde ekspedisjonslokale og venterom, i andre etasje var det ein bustad med eigen inngang frå baksida. Stasjonsbygninga fekk vassklosett i 1960. Etter at beteninga vart inndregen vart ekspedisjonsromma brukt som kvilerom og lager for baneavdelinga. Stasjonsbygninga vart riven midt på 1980-talet, men godshuset vart ståande og teke i bruk som venterom og kvilebrakke for baneavdelinga.

I NSB si bygningsregistrering frå 1981 vart Bottheim omtalt som «i god stand» og med «middels verneverdi», men at malinga var slitt, at det var mogleg råte i vassborda og at nokre ruter var knuste.[1]

Etter nedlegginga

Alle bygningar vart fjerna før 2005, og størstedelen av stasjonsområdet vart grave bort da Europaveg 136 skulle utbetrast rundt 2010.[2]

Kjelder

Fotnotar

  1. Aasmund Dahl, red. (1988). Bygningsregistrering: Hamar distrikt: Raumabanen. NSB Arkitektkontoret. s. 22–27. 
  2. Heitkøtter, Vidar (22. april 2009). «Bygger ny veg - like smal». gd.no. Henta 2. mai 2024. 
Bibliografi

Bakgrunnsstoff