«HMS St Andrew at sea in a moderate breeze». Måleri av Willem van de Velde d.y. frå rundt 1673.

Bris er vind med styrke frå 3,4 m/s (7 knop) til 10,7 m/s (21 knop) målt over ein periode på ti minutt.

Ein har tre graderingar av bris:

I lett bris byrjar små lauv og kvistar å røre på seg medan frisk bris kan få trea til å byrje og svaie i vinden. På fjellet kan bris kjennast sjenerande, laber bris kan vere ubehageleg når det er kaldt og ved frisk bris byrjar fokksnø å drive langs bakken og sikta vert dårlegare. På sjøen vil ein få små til middels store bølgjer, og ved frisk bris ein god del skum på toppane.

Sjå òg