Brokade var opphavleg tjukt silketøy med innvovne figurar i sølv eller gull. Bildet viser brokade frå Lyon på 1760-talet.

Brokade er eit tjukt stoff med innvovne trådar som dannar eit mønster eller motiv. Brokade viste opphavleg til ein vevnad, gjerne av silke, med eit brosjert mønster, det vil seia med ekstra mønsterinnslag som berre går fram og tilbake innanfor den mønsterfiguren som blir framstilt.[1] Allereie i mellomalderen fekk ordet ei vidare tyding og blei brukt om rikt mønstra tekstil av ulike typar vove med tråd av gull eller sølv.[1] Brokade blir no brukt om forskjellige stoff blanda med metall eller andre materiale med metalleffekt, og med relieffmønster.[1]

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Brokade