Bryan Sutton | |||
Fødd | 1973 (51 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Asheville i Nord-Carolina i USA | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1997 | ||
Sjanger | Country, bluegrass | ||
Instrument | Gitar Banjo Mandolin | ||
Tilknytte artistar | Ricky Skaggs og Kentucky Thunder, Hot Rize | ||
Plateselskap | Sugar Hill | ||
Verka som | Musikar |
Bryan Sutton (fødd i 1973) er ein USA-amerikansk musikar. Han er hovudsakleg kjend for å spele akustisk gitar med flatplukking. Sutton speler òg mandolin, banjo, ukulele og elektrisk gitar, og syng i tillegg til å vere låtskrivar.
Sutton vart først kjend i 1997 då han vart sologitarist i bandet til Ricky Skaggs, Kentucky Thunder då Skaggs vende attende til bluegrass. I 2002 vart han med i bluegrasskvartetten Hot Rize.
I tillegg har Sutton vore musikar for Dixie Chicks, Jerry Douglas, Sam Bush, Béla Fleck, Chris Thile, Tony Rice og andre.[1]