Buddhisttempel eller buddhistkloster er sakralbygg for buddhistar, folk som følgjer buddhismen. Dei kan omfatta byggverk kalla vihara, chaitya, stupa, wat og pagode i ulike område og tradisjonar. Innan buddhismen representer tempel det reine landet eller det reine omgjevnaden kring ein buddha. Tradisjonelle buddhisttempel er utforma for å inspirera indre og ytre fred.[1]
Utforminga av bygningar og kompleks varierer mellom regionar. Vanlegvis består eit buddhisttempel ikkje berre av bygningar, men også området rundt. Buddhisttempel er utforma for å symbolisera fem elements: eld, luft, vatn, jord og visdom.[2]
Utforminga av tempel i India blei påverka av tanken om sakrale anlegg som ein representasjon av universet. I buddhistiske tempelkompleks finn ein ofte eit høgt tempel plassert sentralt og omkransa av mindre tempel og veggar. Dette sentrumet er omringa av «hav», mindre «fjell» og ein stor mur.[3]
Chaitya, chaitya hall eller chaitya-griha er omgrep for tempel, heilagdommar eller bønehallar i indiske religionar. Det er vanlegast i buddhismen, der det viser til ein stad med ein stupa og ein rund apsis på slutten mot inngangen, og eit høgt tak med ein rund profil. Strengt sett er chaitya sjølve stupaen, og dei indiske bygningane er chaitya-hallar, men denne skilnaden blir ofte ikkje brukt. Mange av dei tidlege chaityaen var skorne ut i berg, som i Karla- eller Ajanta-grottene.
Nokre av dei eldste fritsttåande templa kan ha vore sirkulær typar. Asjoka den store bygde òg Mahabodhi-tempelet i Bodh Gaya rundt 250 f.Kr., ein sirkulær struktur, for å verna bodhi-treet der Buddha hadde funne opplysing. Dei arkeologiske leivningane etter Bairat-tempelet viser at det òg var ein rund struktur. Representasjonar av denne tidlege tempelstrukturen finst på eit relieff frå 100 f.Kr. som blei laga ved stupaen i Bhārhut, og òg i Sanchi.[4] Frå denne perioden er diamanttrona att. Dette er ei nesten intakt sandsteinsblokk som er dekorert med relieff og som Ashoka hadde plassert ved foten av bodhi-treet.[5][6] Ein har òg funne sirkulære tempel i seinare grotter skorne ut i berget, som Tulja-grottene eller Guntupalli.[7]
Buddhismen kom til Indonesia nokså kort tid etter hinduismen, som fyrst blei innført frå India rundt det andre hundreåret.[8] Historia til buddhismen i Indonesia er nært knytt til historia om hinduismen, ettersom ei rekkje rike som var påverka av den indiske kulturen blei skipa i omtrent den same perioden. Det eldste buddhistiske arkeologiske området i Indonesia er truleg Batujaya-stupakomplekset i Karawang i Vest-Java. Det eldste relikviet i Batujaya blir rekna for å stamma frå 100-talet, medan det siste er datert til 1100-talet. Det finst også fleire buddhistiske stader i Jambi, Palembang og i Riau-provinsane på Sumatra, og i Sentral- og Aust-Java. Gjennom hundreåra har dei indonesiske øyane vore vitne til veksten og fallet til mektige buddhistiske rike, som Sailendra, Mataram og Srivijaya.
Ifølge ei kinesisk kjelde såg ein kinesisk buddhistisk munk, Yijing, det mektige sjøriket Srivijaya med base på Sumatra under ei pilgrimsreise til India på 600-talet. Det finst ei mengd buddhistiske kulturminne i Indonesia, som mandalamonumentet i Borobudur frå 700-talet og Sewu-tempelet i Sentral-Java, Batujaya i Vest-Java, Muaro Jambi, Muara Takus og Bahal-tempelet på Sumatra, og mange statuer og inskripisjonar frå den tidlege historia til indonesiske hindu-buddhistiske rike.
Under Kediri-, Singhasari- og Majapahit-rika blei buddhismen – omtalt som Dharma ri Kasogatan – anerkjend som ein av dei offisielle statsreligionane saman med hinduismen. Sjølv om nokre kongar kunne favorisera hinduismen, blei likevel harmoni, toleranse og til og med synkretisme framheva, som ein ser i nasjonalmottoet Bhinneka Tunggal Ika, 'sameining i mangfald'.[9] Den klassiske tida i det gamle Java førte òg fram til nokre av dei finaste døma på buddhistisk kunst, som Prajnaparamita-statuen og statuane av Buddha Vairochana og Boddhisttva Padmapani og Vajrapani i Mendut-templet.
I dagens indonesiske buddhistme viser candi til ein heilagdom, anten gamal eller ny. Nokre samtidige viharaer i Indonesia har replikaer i full storleik eller rekonstruksjonar av berømte buddhistiske tempel, som replikaene av perwara (småtempel) i Pawon[10] og Plaosan. Rolla til ein candi kan til tider vera den same som den til ein stupa, ein kuppelstruktur for å lagra buddhistiske relikviar eller oska til kremerte buddhistiske prestar eller velgjerarar.
Japanske buddhisttempel har typisk ein hovudhall kring hovudobjektet i tempelet.
Eit særtrekk for japanske tempel er chinjusha, eit shintotempel vigd kamien eller ånda til tempelet. Buddhismen eksisterte lenge i lag med shinto, men på 700-talet blei buddhismen statsreligion, og det blei bygd spesifikt buddhistiske tempel. Det finst mange viktige japanske buddhisttempel i Kansai-regionen, særleg i Nara og Kyoto.
Buddhistitempel i Thailand er kjende som wat, frå pāḷi vāṭa, som tyder ‘inngjerding’. Wat-arkitekturen held seg til konsekvente prinsipp. Ein wat har med få unntak to delar: Phutthawat og Sangkhawat. Phutthawat (thai พุทธาวาส) er området som er vigd Buddha. Sangkhawat er området som er vigd sanghaen, det buddhistiske klostersamfunnet.
Buddhisttempel på Sri Lanka er kjende som pansala eller viharaya på singalesisk. Vanlege kjenneteikn for srilankiske tempel er stupa, bodhitre og tempelbygningar. Det eldste bodhitreet planta av menneske i verda, Jaya Sri Maha Bodhi, og nokre av dei største stupaene i verda, som Ruwanwelisaya, Jetavanaramaya og Abhayagiri vihāra, ligg på Sri Lanka.